Ordet
«sosialt arbeid»
dekkjer alt som har med mellom-menneskjeleg
hjelp å gjera. Motivasjonen
avheng av kva livssyn og innstilling
dei har som utfører det.
Det meste av det sosiale arbeid
i Noreg vert utført etter
reint forretningsmessige prinsipp:
Stat og kommunar tilset folk
som forskjelleg fagleg bakgrunn
for å få arbeidet
utført. Mange av desse
utfører arbeidet fordi
dei treng lønna dette
arbeidet gjev dei. Nokre gjer
det fordi dei kjenner glede
i å hjelpa medmenne-skje.
Andre har eit bevisst kall.
Me
har eit kall frå Gud.
Me kan kalla det «å
leva Kristus i kvardagen»,
og det er like avgjerande for
ein sosialarbeidar som ein forkynnar.
Eit
diakonalt arbeid er eit sosialt
arbeid. Men alle sosiale arbeid
er ik-kje diakonale arbeid.
Me står derfor overfor
to uttrykk me ikkje må
forveksla: Eit diakonalt arbeid
vert utført på
grunn av Jesu ord og eksempel.
Det er ei oppgave knytt til
nytestamentleg menighetsliv,
og menigheten i Jerusalem tok
dette arbeid opp svært
tidleg. Apgj 6 fortel om dei
første diakonane. Her
var det matutdeling og organiseringa
av den
det
gjall.
Her
finn me eit skilje som kan vere
grunnen til at ein del set forkynnargjermnga
høgare enn diskonigjeminga:
«Det er ikkje rett at
me forsømar forkynninga
av Guds ord for å jela
ut mat .. (v. 2}
Sjølve skal me via oss
til bøna og tenesta ved
ordet... (v.4). Men her er det
ikkje snakk om nedgradering
av den eine tenesta i høve
til den andre. Det er snakk
om forskjellene oppgaver i Guds
rike.
I
ei verd der svolt, naud. sjukdom
og undertrykking er ein realitet
til dagen, kven kan hevda at
Gud ikkje har kalla sin menighet
til å hjelpa? Me som høyrer
til den rike delen av verda,
til dei priviligerte, kvifor
skal me ikkje satsa alt på
å hjelpa dei som ikkje
har det så godt som oss?
Og kven kan, ut frå Bibelen,
seia at dette er ei mindre åndeleg
oppgave enn det å forkynne?
Det
verkar som om ein misjonær
i eit diakonalt misjonsprosjekt
ikkje kan vera i Guds vilje
eller tene Gud like godt som
om ein er «verkeleg misjonær».
Dette uttrykket er ikkje oppkonstruert
her. Me møter det både
heime og ute.
Den
første martyren kan vera
eit eksempel. Stefanus «var
full av nåde |
|
og
kraft og gjorde store under
og tekn mellom folket»
(Apgj 6,8). Reint menneskjeleg
sagt må dei skriftlære
ha oppfatta han som den farlegaste
av alle. Derfor greip dei han
først. Enda han «berre»
hadde ei diakonal teneste.
Det
er derfor ikkje det vesentlege
kva titlar me har, eller kva
teneste me har reint ytre sett.
Det vesentlege er kven me er
og kva me er, kvifor og korleis
me utførerer den teneste
som me har fått av Gud.
Det er ikkje automatisk forkynnaren
som er største sjelevinnaren.
Det kan like gjeme vera dørvakta
eller søndagsskulelæraren.
Det viktigaste er at kvar og
ein er der Gud vil ha dei, når
Gud vil ha dei der, og at dei
gjer det Han ville ha gjort.
Matteus
25 handlar i siste delen om
den store domen. Dit skal me
alle ein gong. Domskriteria
er enkle kjærleiksgjemingar:
«Det de gjorde mot ein
av desse minste brørne
mine, det gjorde de mot meg».
Det var slike som mangla mat
og drikke, var framande, nakne,
sjuke eller i fengsel.
Her
kan me sikkert, uten å
driva vald på Guds ord,
inkludera alle dei diakonale
misjonsarbeida våre. Og
dei som er støtt av NORAD.
Å hjelpa medmenneskje
i naud er ei åndeleg oppgave
i seg sjølv. Ho er verdifull
også om ikkje mottakarane
vert truande og medlemmer i
dei kyrkjene me byggjer opp.
Derfor er 6.000 sjuke som har
fått hjelp gjennom det
diakonale arbeidet, like mykje
ei gladmelding som at 6.000
har
vorte
døypt og tillagt menigheten
i same land.
Matt
7,22-23 fortel om slike som
enda til har profetert, drive
ut vonde ånder og gjort
mekdge gjemingar i Jesu namn.
Over alt i verda idag vert dette
dijubla i store kampanjar, likeså
vel som i enkle møte.
For mange er dette å vera
ein verkeleg forkynnar eller
ein verkeleg misjonær.
«Dei er brukte av Gud
til stor velsigning»,
høyrer me. Likevel seier
Jesus at det ikkje er ein garanti
for at dei er i Guds vilje med
sine liv! Jesu konklusjon er
enkel: «Ikkje alle som
seier til meg: Herre, Herre
skal koma inn i himmelriket,
men dei som gjer det Far min
i himmelen vil».
Å
vera i Guds vilje, og å
gjera Guds vilje, er det viktigaste
for arbeidet vårt heime
som ute. Derfor både bør
og kan diakonale prosjekt og
forkynning framleis gå
hand i hand. |