Ein
viktig del av samarbeidsavtalen
ved ansvarsovertaking på
misjonsfeltet er korleis arbeidet
finansierast i framtida. Ofte
er det snakk om store pengesummar
ut frå den lokale standarden.
Samanlikna med budsjetta i menigheitene,
er ofte budsjetta i dei diakonale
arbeida bygd opp av misjonærane
enormt store.
Likevel
kan ein oppleva å høyra:
«Men dei må vel
ha tru til Gud slik som me misjonærane
har hatt?» Men gløymer
ein då at me misjonærar
ofte støttar opp under
vår «tru på
Gud» med eit opprop til
menigheitene heime? Det er dei
nye ansvarshavande avskome frå
om me berre nasjonaliserar og
overlot alt.
Det
å planlegga er ikkje så
uåndeleg som mange synest
meina. Jesus var utruleg enkel
i sitt utval av tema han bygde
lik-ningane sine over.
Likninga
som me finn i Lukas 14 vært
normalt åndeleggjort.
Likevel er det klår tale
om å setja opp eit investeringsbudsjett.
«Vil ein av dykk byggja
eit tårn, set han seg
ikke då ned og reknar
etter kva det vil kosta, om
han har nok til å fullføra
det?» (v.28). Og har ikkje
vedkomande gjort skikkeleg budsjetteringsarbeid,
så er Jesus like klår:
«For har han lagt grunnmuren,
og ikkje er god til å
gjøra tårnet ferdig,
då vil alle som ser det,
gjera narr av han- v.29 . Kort
sagt: Narren bryr seg ikkje
om å laga eit budsjett
for investeringane sine. Den
klok gjer det, og gjer det med
ettertanke! Det er moralen
i likninga.
Vers
31-32 gjev dømet om driftsbudsjett.
Her er investeringane alt
gjort. Soldatane er utrusta
med klede og våpen. Mat
og
transport er teke med. Men no
er det sjølve striden
det er spørsmål
om. Her er ei oppveging av debet
og kredit. 20 000 mot 10 000.
For å få budsjettet
til å gå i null,
mangla denne kongen 10 000 mann.
Vurderinga vart så: Kva
andre ressursar kan trekkjast
inn for å få likevekt,
eller kanskje eit lite «overskot»
så han vann krigen?
Viser
budsjettet at han ikkje har
ressursar ut over dei opprinnelege
10.000, ja, då må
han «tinga om fred».
I budsjettsamanhang ville me
seia: Skjer ned på utgiftane,
prøv å auka inntektene,
og gjer alt for å koma
i balanse! Dette er like viktig.
Slurv med budsjettarbeidet gjev
tap på lang sikt. |
|
Investeringar
kan ein venta med. Driftsbudsjett
er derimot ein «pågåande
krig» som krev stadige
og ofte store utteljingar. Tek
me ein barneheim til døme,
så er det snakk om mat
til barna, medisinar, løn
til personale, transport, lys,
telefon, vedlikehald o.s.v.
I tillegg har kanskje dei som
overtok ansvaret andre priorite-ringar
enn me misjonærane. Det
vert omdisponeringar, og stundom
til ting me misjonærar
ikkje ser verdien av. Hus fortell
medan pengar vert brukte til
«prestisje-føremål».
At problema vil koma i ettertid
med forfalne bygningar, utstyr
som ikkje fungerar o.s.v. vert
lett gløymt.
Eint
god samarbeidsvatale er derfor
den som forutset slike ting,
og som klart definerer kven
sitt ansvar er kva, for kor
lang tid, og som sikrar drifta
vidare under den nye leiinga.
Fleirtalet
av oss misjonærane i Paraguay
går mot bruk av klausular
ved ansvarsovertaking av arbeidet.
Grunnane er fleire.
Det
viktigaste er at ansvarsovertakinga
skal vera ei samhandling
mellom to likeverdige partar.
Ved å leggja inn klausular
om at «bygningane skal
brukast i X antall år
til det føremålet
dei vart bygde til» skapar
«eit ovanfrå og
ned-tilhøve». Me
har rett til å stilla
krav. Dei andre har plikt til
å godta.
Ein
svært menneskjeleg tanke,
men og eit vitnemål om
at me ikkje har den nødvendige
tiltru til samarbeidspartnarane
våre. Skal tru Paulus
hadde dette i tenkane då
han skreiv: «Så
legg eg dykk på hjarta,
eg som er fange for Herrens
skuld, at de må leva eit
liv som er verdig det kallet
de har fått. Ver audmjuke,
ta dykk ikkje til rettes, men
ver tolsame, så de ber
over med kvarandre i kjærleik.
Legg vinn på å vera
eitt i Anden, i den fred som
bind såman»
(Ef 4,1-4).
God
ansvarsovertakingar, inkludert
gode samarbeidsavtalar, stiller
krav til alle postar. Krav til
oss misjonærar som overlet
ansvaret, krav til dei
som overtok ansvaret, og krav
til dei menigheitene heime
som gjennom sine misjonærer
har vore med og bygd opp arbeidet.
Misjon
er å senda ut misjonærar,
men det er like viktig at det
som vert bygd opp, både
av evangeliserande og diakonalt
arbeid, får livsvilkår
og framtid etter at misjonærane
er reiste. Uten det er mykje
av både pengane og arbeidet
som er investert vekkasta.
|